Undringsspørsmål

Vi lurer på kvifor Wienerpølser sprekk når dei trekkast i ein kjele med varmt vatn. Sprekte pølser er eit vanleg fenomen i selskap og barnebursdagar, og vi ynskjer å sjå litt nærare på kva årsakene til dette kan vere.

Hypothesis.jpg

Hypoteser

- Pølseskinnet krymper i varmt vatn
- Vatnet i pølsene utvidar seg når temperaturen stig mot kokepunktet for vatn
- Osmose

Plan for undersøkinga

Vi ønsker å teste hypotesene ved å varme pølsene i tre ulike kjeler (da kan vi variere temperaturen i kvar kjele). I tillegg vil vi plassere bitar av eit pølseskinn i varmt vatn for å se om det krymper. For å sjekke om osmose er ein faktor, vil vi veie ei pølse før og etter eit opphold i vatn for å sjekke om vekta aukar.


Framgangsmåte og utstyr

Pølser II.jpg

Utstyr

30 stk WienerpølserVanleg hushaldningskomfyr
3 store kjeler
Digitalt matlagingstermometer
Papir og blyant til tegning
Vatn

Dette gjorde vi

Vi fylte to av kjelane med vatn og skrudde plata på full guffe for å varme opp vatnet. Når vatnet i desse to kjelane nådde 80 grader Celcius, hadde me oppi pølsene. I den eine av kjelane blei temperaturen halden konstant på 80 grader, mens vi lot temperaturen i den andre kjelen stige roleg og jamnt i ti minutter (til vi målte omlag 92 grader). Då blei begge kjelane tekne av varmen.

Den tredje kjelen blei fylt med kaldt vatn og pølser i forkant av en oppvarming til 80 gradar Celcius. Det siste momentet blei teken med for å utelukke eventuelle teoriar om at temperaturen på vatnet før pølsene kom nedi kunne vere ein faktor.Denne kjelen blei og teken av varmen etter vel 10 minutt på omlag 80 grader.

Midt oppe i dette virvaret av kjeler, pølser og termometre skjærte vi ein bit av et pølseskinn, tegna omrisset av denne på eit papir, og la skinnbiten i ei skål med vatn som målte ca. 85 gradar Celcius. Samstundes veigde vi ei pølse før vi la denne i ei skål med vatn (i romtemperatur) for å sjå om vi kunne påvise osmose. Etter at alle målingar og datainnsamling var unnagjort, åt vi opp forskingsmaterialet...


Samanfatting av våre observasjonar

Vi fann ut at vatntemperaturen hadde stor innverknad på resultatet av undersøkinga:
I kjelane der temperaturen låg på kring 80 grader forblei pølsene heile og fine. Det var ingen skilnad på om vatnet var varmt eller kaldt då pølsene blei lagd oppi kjelane. Vi fann ikkje ei einaste pølse som hadde sprukke.

Derimot såg me at i kjelen der vatntemperaturen fekk stige over åtti grader starta pølsene å sprekke. Når vi trakk kjelen av komfyren låg vatntemperaturen på kring 90 grader, og oppi kjelen var alle pølsene sprekte.

Når det gjeld hypotesene knytta til osmose og krymping av pølseskinn fikk vi stadfesta desse:
Det viste seg at pølseskinnet hadde krypa merkbart etter eit opphald i varmt vatn, mens pølsa som fekk ligge i romtemperert vatn veide 0,5 gram meir når vi tok ho ut av vatnet etter vel ein halv time.

Vurdering av resultater
True or false.jpg
Forsøket vårt vart gjennomførd på ein eldre komfyr med vanlege hushaldningsartiklar. Sjølv om vi var nøye med å lese av temperaturen med jamne mellomrom, kan vi ikkje sjå bort i frå at det kan vere usikkerheit knytta til enkelte av avlesingane. Førsøket blei dessutan gjennomført i liten skala, og det kan hende vi ville fått forskjellige resultat om vi hadde gjennomført forsøket fleire gongar.
I tillegg blei pølsa som vart testa for osmose veid på eldre ei vekt som berre målar heile gram. Ei auke på eit halvt gram vil derfor kunne vere eit utslag av unøyaktigheit.

Konklusjon

Om du ynskjer å vere sikker på at pølsene dine ikkje sprekk under oppvarming, bør du følgje nøye med på temperaturen i pølsekjelen. Den bør helst ikkje overstige 80 grader, og må absolutt ikkje nærme seg vatnets kokepunkt. I tillegg kan tiden pølsa ligg i vatnet ha innverknad på om pølsene sprekk eller ikkje. Om du lar pølsene ligge i vatnet over ei lengre tidsperiode, vil sjansen for at ho sprekk som eit resultat av osmose auke.
Middagstipset er herved servet - vel bekomme!

til toppen:


Navigasjonsknapp - heim.gif Navigasjonsknapp - fram.png Navigasjonsknapp - tilbake.png